Family Group Sheet


NameGeirmund Anundson5
FatherAnund Geirmundson
SpouseMargrethe Eivindsdatter5
Birthca 1405
Children
1 MAnund Geirmundson Bjerkreim5
Birthca 1470, Bjerkreim, Ro.
Deathca 1520
Notes for Margrethe Eivindsdatter
Gift med Geirmund Anundson, nemnd 1450. Hun var måskje en søster av stavangerbispen Audun Eivindson. (En søster av Margrete var gift med Tore Gardson, hvis mor var Ramborg Knutsdtr. av den svenske Folkunge-ætt, og som har en stor etterslekt i Bjerkreim og Høgsfjord. Me har fire brev i D.N. som fortel at ho og tre søstrer gav frå seg gods i Voster i (det nåverande) Stand herad til bispestolen i 1450-åra. Ho var antagelig fødd kring 1400 - 1410. Det høver godt at desse fire søstrene var i 40-50 års alderen då dei overlet godset sitt til kyrkja. Dei laut tenkja på sjela si i den alderen. Det var Gunnar Eirikson (biskop 1445-53) som var biskop i Stavanger då. Når bispestolen fekk godset, kunne det tyda på at dei ville gravleggast i Domkyrkja.
I 1375 var det ein Eyvin Ogmundson som kjøpte gods i Voster av ein Bård Jonson. (D.N.IV nr. 381, 1375). Fleire granskarar har meint at dette måtte vera far til Eyvindsdøtrene. Men av kronologiske grunnar er dette lite rimeleg. Det ville høva betre om Eyvin Ogmundson var farfar eller morfar til Eyvindsdøtrene. Dei fire nemde breva fortel om den næraste familien til Tore Gardson si frue. Eit grundig studium av kven mennene til dei fire døtrene var, kunne visseleg læra oss noko om det sosiale miljøet til desse folka, og kanskje noko om kva ætter dei høyrde til. Dei fire Eyvindsdøtrene var:
1. Gyrid Eyvindsdtr. og mannen hennar, Per Arvidson, gav bispestolen i Stavanger det dei åtte i Voster til sjelemesser for foreldra hennar. (D.N.IV nr.912, Hallingstad den 14.november 1449). Hallingstad er prestegarden i Vikadal.
2. Sigrid Eyvindsdtr. og Tore Endridson gjorde det same. (D.N.IV.nr.915, Skutegjerde, prestgarden på Finnøy, den 26. november 1449).
3. Margreta Eyvindsdtr. og Geirmund Anundson gjorde likeeins, (D.N.IV nr.916, Madla ved Stavanger den 10.februar 1450).
4. Ragnhild Eyvindsdtr. Og Tore Gardson gav bispestolen det dei åtte i Voster til sjelemesse for dei næraste skyldfolka sine. (D.N.IV nr.919, Stavanger, 13.april 1450).
Last Modified 18 Mar 2010Created 5 Aug 2010 by Reunion for Macintosh

Contents * Index * Surnames * Contact